Det seier Kjetil Tufte.
Han bur like ved den store fangdammen i Mjåtveit natur og reinsepark og er ei av eldsjelene bak foreninga Mjåtveitelvens venner. Laurdag kveld kom han heim frå ferie.
– Det var i halv sju-sjutida på kvelden. Det var i skumringa. Eg keik ut vindauga, som vender ned over mot reinseparken. Eg ser ikkje sjølve dammen frå vindauga, men eg ser trea og dei var fulle av kvite dottar. I starten skjønte eg ikkje heilt kva det var eg såg, seier Kjetil.
Han gjekk ut for å sjekka, og det var litt av eit syn som møtte han.
– Heile dalen nedover langs Kvernhusbekken var full av skum. Skummet fylte både dammen og bekken og låg langt utover i terrenget. Eg forstod med ein gong at dette ikkje kunne vera naturleg. Det måtte vera ein eller annan form for lekkasje, og det såg ut som det kom frå næringsparken, seier Kjetil.
Han kasta seg på telefonen.
VARSLA BRANNVERNET: – Det er litt skum her i dag også, men det er ingenting samanlikna med i går, seier Kjetil Tufte til Strilen søndag føremiddag. Det var han som varsla brannvernet.
 Anne-Lise Nordpoll

Varsla brannvernet

– Først prøvde eg vaktnummeret til teknisk etat i Meland kommune. Men det var ingen som svarte der. Så ringte eg teknisk etat sitt vaktnummer i Lindås. Heller ikkje der fekk eg kontakt med nokon. Då ringte eg brannvernet, seier Kjetil, som sjølv var med og viste mannskapa frå Lindås og Meland brann og redning rundt i området.
Brannsjef Karl Johannes Romarheim seier til Strilen at det var for mykje skum til at dette kunne vera naturleg, sjølv om det av og til skummar frå elvar og bekker når det regnar kraftig.
– Det var ikkje så mykje våre folk kunne gjera der og då, men me fekk lagt ut lenser for å prøva å hindra at dette spreidde seg til Mjåtveitelva, fortel Romarheim.
Han seier skummet må skuldast ein lekkasje, og at det ser ut som det kjem frå næringsområdet.
– Me har ein dialog med politiet, og dei undersøkjer saka. Politiet har vore på staden i dag, seier han.
FORFERDELEG: Frode Tufte fryktar for livet i elva. Søndag føremiddag gjekk han langs vassdraget med hov for å sjå om han fann daud fisk.
 Anne-Lise Nordpoll

Bekymra for muslingane

Strilen var også ein tur på staden søndag føremiddag. Sjølv om det då hadde regna i mange timar, var skummet framleis godt synleg i Kvernhusbekken og i dei to øvste fangdammane.
– Det er heilt forferdeleg. Tenk på all fisken nedover i Mjåtveitelva og på muslingane som det vert jobba så hardt for å redda, sukkar Frode Tufte fortvila.
Han er bror til Kjetil, og også brennande engasjert for livet i vassdraget.
Då Strilen møtte Frode, hadde han med seg ein håv for å sjå om han kunne finna daud fisk eller yngel i bekken. Medan han gjekk der og leita møtte han på Trond Dale som var ute og lufta hunden Nero. Han kunne fortelja at han såg skum i bekken alt i 17-tida laurdag.
– Eg var ute med hunden då også, og då var det skum over alt her. Det er ingenting no, samanlikna med då, fortel han.
Det er ikkje første gong Frode og Kjetil Tufte vert møtte av eit trist syn i Mjåtveit natur og reinsepark. I vår opplevde dei at ein boks med elvemusling som var sett ut i Kvernhusbekken forsvann, og at skogsmaskiner hadde gjort det vanskeleg å ta seg fram på turstien dei har merka.
– Det er fortvilande at dette skulle skje no, seier dei.

– Har funne kjelda

Søndag ettermiddag var både politiet og folk frå kommunen på plass i næringsområdet.
– Me har i samarbeid med andre funne ut at skummet kjem frå ein stad i nærleiken. Det er oppretta sak og no skal me sjekka ut om det er farleg eller ikkje, seier lensmann Kjell-Idar Vangberg i Nordhordland lensmannsdistrikt.
HEILT KVITT: Trond Dale var ute og lufta hunden i 17-tida laurdag. Han reagerte også på skummet, og tok dette bildet.
 Trond Dale