10.05.2026

Kurs i habitattiltak i anadrome vassdrag 2026

https://www.njff.no/hordaland/aktuelt/kurs-i-habitattiltak-i-anadrome-vassdrag-2026



Vestland fylkeskommune har gjennom sine 9 vassområde kartlagt mange av dei viktige anadrome elvane i fylket mellom anna med midlar frå miljødirektoratet og statsforvaltaren. Det er eit mål å få gjennomført habitattiltaka som er foreslått i rapportane. For å lukkast med dette må me auke kunnskapen om kva arbeidet går ut på hjå lokale fiskar‐ og grunneigarlag. Det vart gjennomført 3 kurs i Vestland i 2024 og eit i 2025 med gode tilbakemeldingar, og i år vil me tilby et nytt kurs på Stord som er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune, Statsforvaltaren i Vestland, NJFF Hordaland, Stordøy JFL og Sunnhordland vassområde..

 

Gjennomføring:

28-29 august 2026, kurs Stord hotell/Petarteigselva, kontaktperson Kari Bjørndal kari.bjorndal@vlfk.no Frist for påmelding er 02.08.2026 

Kurset vert gjennomført frå fredag ettermiddag til og med laurdag med overnatting for tilreisande. Kurset er gratis for deltakarane med stønad frå fylkeskommunen og Statsforvaltaren. Reise til og frå kurset må dekkast sjølv. Det må vera minst 10 stk. påmelde for at kurset vert gjennomført.

Det kan også vera mogeleg å delta for vidaregåande skular, kommunar og entreprenørar. Det må då gjerast særskilt avtale om dette og det blir då utan gratis overnatting.  

Påmelding:

Påmelding til kurs vert sendt til Norges Jeger- og Fiskerforbund Hordaland på e-post: hordaland@njff.no

Spørsmål om kursa kan rettast til regionsekretær Terje Wangsholm