23.06.2022

Pressemelding fra foreninga!

 Pressemelding  i samband  med  tildeling av  Vestland fylke sin Klima og naturpris 2022.

 

Mjåtveitelvens foreining er tildelt Vestland Fylkeskommune sin Klima og naturpris for 2022, noko me ser som anerkjenning og takk for vårt arbeid over mange og ofte vanskeleg år for elva , og ei kraftig  oppmuntring til auka innsats. Takk, dette gjorde veldig godt, gav oss nytt mot og nye krefter! 
Foreningen fekk prisen for sitt lange arbeid med å ta vare på den raudlista elvemuslingen og miljøet i Mjåtveitelva, gjennom  utretteleg dugnad, både gjennom praktiske arbeid med å etablere vernetiltak og restaurere det totale elvemiljøet, og stadig hente inn og utvikle kunnskapen om elvebiotopen, og ikkje minst formidle den videre gjennom samarbeid med kommune, fylke, lokalt næringsliv og skule.

Å formidle informasjonen om livet i elva, vernestatusen, vernetiltaka og det offentlege sine krav til næringsdrift og aktivitet langs elvesystemet, har vist seg å vere eit arbeid som må skje kontinuerleg. Dette vert nedslåande illustrerast ved at i same veke som foreininga får prisen, er det på nytt gjort tiltak i ein viktig sidebekk som  øydelegg gyte- og yngleområder for auren.

Ein viktig del av innsatsen har vore å vere ei vaktbikkje mot forureining av elva og sidebekkar, øydeleggjande naturinngrep i kantsonene og nedslagsfeltet for elvesystemet. Foreininga håper at prisen kan bidra til  auka kunnskap om denne både idylliske og truga naturperla i Alver, og at det då kan bli mindre trong for den lite trivelege vaktbikkjerolla. 
Foreiningas formål er å ta vare på heile elvemiljøet, og ønskjer å bruke prisen og dei fornya ressursane og kreftene på det byggjande arbeidet;  å restaurere muslingstammen og heile elvebiotopen for kommande generasjonar.

Pristildelinga aktualiserer arbeidet med  tiltaksplanen for vassdraget som Alver kommune starta etter foreiningas sensasjonelle funn av over 120 levande muslingar i mars 2021. Foreininga vil på ny fokusere på følgjande fire tiltak til denne planen:

  • Heilt naudsynt reparasjon, oppgradering og utviding av gamle, delvis skadde vernetiltak.
  • Kontroll og rutinar for at næringsaktivitet i Mjåtveit næringspark innrettar seg etter vernekrava som er nedfelt i reguleringsplanar og byggjeløyve, utifrå kravet frå statsforvaltaren om at forureining av elvesystemet «ikkje skal skje».
  • God og kontinuerleg dialog og eit godt samarbeid med Mjåtveit Næringspark spesielt, landbruk og andre aktørar langs elvesystemet, Alver kommune, Vestland fylke.
  • Rutinar for å informere alle aktørar, bebuarar og brukarar av områda langs vassdraget - og alle generelt - om det mangfaldige livet i elva, vernestatusen, vernetiltaka og det offentlege sine krav til næringsdrift og anna aktivitet langs elvesystemet.

Det er etterkvart blitt tydelegare og tydlegare at berekraftig og naturvenleg framferd frå oss alle blir heilt nødvendig om me skal ha ein sjanse til å overlevere kommande slekter ein intakt natur.  
Me takkar for prisen - verdsettinga av innsatsen til no og oppmuntringa for vidare arbeid.

Mvh
Styret v/Martin Fosse Jakobsen;
leiar Mjåtveitelevens foreining.

 


1 kommentar:

Kommentar :