11.01.2018

Tap av biomangfald – ein av dei største miljøutfordringane i Meland

Tap av biomangfald – ein av dei største miljøutfordringane i Meland 

Meget godt innspill av Karina Reigstad i 2017 utgaven av Meland jul, som er verdt og lese.
Døde elvemuslinger fra Mjåtveitelven 2012

                                
Tap av biomangfald – ein av dei største miljøutfordringane i Meland Noreg har satt seg mål om å stanse tapet av biologisk mangfald innan 2020. Likevel er presset på naturens- og biomangfaldets toleevne større enn nokon gong. Presset på naturen kjem frå fleire hald, men i hovudsak frå ein aukande verdsbefolkning og menneska sin moderne levemåte. Menneskelege inngrep er hovuddrivkrafta bak dramatiske endringar i miljøet, også her i Meland. 
 
Nedbygging av biologisk mangfald  Mange forbinder biologisk mangfald med sjeldne artar i regnskogen, eller dyr som er i ferd med å bli utrydda. Men biologisk mangfald omfattar alle dei levande organismane som fins på jorda og i vatnet. Alt som omgir oss i naturen, blomster, planter, dyr og mikroorganismar er ein del av jordas biologiske mangfald. Samen utgjer mangfaldet eit økosystem. Store nok endringar i livsmiljøet til artane kan føre til at økosystem kollapsar og artar forsvinn.
 
                        Bilde av forurenset vann som går rett ut i Mjåtveitelven

 
Den viktigaste årsaka til tap av biomangfald er at leveområda til mange artar vert øydelagt av fysiske inngrep. Andre truslar mot biomangfaldet er klimaendringar, overhausting og introduksjon av framande artar. Faktorane som påverkar det biologiske mangfaldet i Meland er mange og samansette, og kunnskapen om det har store manglar. Eg skal prøva å gi eit innblikk i ein av dei største utfordringane for biomangfaldet i kommunen vår. 


                                 Bilde av døde elvemuslinger fra Mjåtveitelven.


Auka utbygging Ein kvar endring i arealbruk påverkar det biologiske mangfaldet på staden i større eller mindre grad. Dei største utslaga får ein når areal vert tatt heilt ut av biologisk produksjon og bygd ned, slik tilfellet kan vere ved utbygging av industri, fysisk infrastruktur og bustadfelt. Salamanderen som forsvann frå Fossemyra då utfyllinga av myra starta på midten av 1970-talet er eit døme på dette. Miljødirektoratets naturbase har registrert 1140 artar i Meland. Av desse er 67 artar på raudlista og 37 er truga i eit nasjonalt perspektiv. Over halvparten av dei raudlista artane er fuglar. Melands store tilflytting og befolkningsvekst krev hurtige arealendringar til utbygging og fysisk infrastruktur som kan kome til å leggje press på desse truga artane om ikkje vi tar særskilt omsyn. 


         Kloppedalsbekken som er en side-elv til Mjåtveitelven blir lagt i rør 2017
 
Ein ser ofte at der utbyggingspresset er stort vert ikkje omsynet til truga artar ivareteke i beslutningsprosessane.  Dette vil i aukande grad vere ein trussel for biologisk mangfald i framtida. Det er allereie stort utbyggingspress i deler av Meland, særleg nær dyrkbart areal og strandlina. Presset på fleire av dei biologisk sårbare naturtypeområda i Meland har auka då fleire av dei ligg nært vegar og er nokså lett tilgjengelege. 
Store utbyggingar kan åleine ha store negative konsekvensar. Men det er summen av både små og store inngrep som avgjer om vi klarar å ta vare på det biologiske mangfaldet. Kan t.d. sidebekkane til Mjåtveitelva vera avgjerande for det heilskapelege biomangfaldet i Meland? Det vert i alle fall eit problem når den samla effekten av utbygging og forureina- eller røyrlagde elver blir for stor. Når det blir for langt mellom kvar eigna levestad, vil artane få problem med å spreie seg, og det vert mellom anna fare for innavl. Denne effekten kjem i tillegg til at leveområda blir færre og mindre.


Baby elvemuslinger som er kommet tilbake til side-bekk til Mjåtveitelven

 
Elvemusling 
I Meland er elvemuslingen ein av artane på raudlista og har vorte rangert som ein prioritert art i nasjonal samanheng. Arten er ein indikator på god miljøtilstand i naturlege elver og bekker, men har hatt ein dramatisk tilbakegang. Norge har i dag meir enn halvparten av den europeiske bestanden av elvemusling, og dette gjer han til ein ansvarsart for Norge. Elvemuslingen er avhengig av tilgang til laks eller aure for å vekse og overleve. Når auren eller laksen forsvinn frå elvene forsvinn òg muslingen.  I tillegg til at elvemuslingen er avhengig av andre artar for å overleve, trugar lokal forureining og inngrep som røyrlegging av sidebekker og hogst av kantvegetasjon elvemuslingens levevilkår. For at Mjåtveitelva i framtida også kan huse ein livskraftig populasjon av elvemusling, må både omsynet til vassdraget og vasskvaliteten betrast.

                                    Vinterstemning ved Mjåtveitelven  


 
Forvaltaransvaret Vi har eit ansvar som strekk seg langt ut over eigen person, nasjon og generasjon. Våre liv er innvevd i økosystem og syklusar i naturen, gjennom vårt forbruk av mat, vatn, energi og materialar. Menneska er djupt knytt til, og avhengig av, velfungerande økosystem. Å bry oss om desse, er å bry oss om oss sjølve. Kor godt vi lærer oss å leve i samspel med naturen avgjer våre livsmoglegheiter. Ein av hovudårsakene til nedbygging av biomangfaldet er vår manglande evne til å motstå det aukande presset på naturen, det vere seg grunna utbygging, forureining eller annan negativ menneskeleg aktivitet. Det er anerkjent i norsk lov at naturen har eigenverdi. Dette byggjer på tanken om at alle livsformer og urørt natur har verdi i seg sjølv. Det mangfaldet som fins av artar, naturtypar og genetiske arvematerial i Meland, er del av verdas felleseige. Vårt moralske og grunnlovfesta ansvar ligg i å forvalte desse slik at dei som kjem etter oss, har like gode mogelegheiter for å hauste, undersøke, utvikle, forske på og oppleve dei som oss. Skal vi ta vare på det biologiske mangfaldet, må dette vere grunnleggande i all aktivitet for hausting, bygging og næringsutvikling.   



Å stoppe tap av biologisk mangfald er mogeleg. Både forsking og gjennomførte prosjekt viser at miljøøydeleggingane kan stoppast og delvis reparerast. For å greie dette må vi evne å sjå at bevaring av biomangfaldet er eit mål i seg sjølve. Forvaltinga må unngå fragmentering i utbyggingsprosessar og prioritera opp kampen mot forureining i elvene og fjordane våre. Berre slik kan vi stanse tapet av biomangfald i Meland. Berre slik kan vi sikre at dei som kjem etter oss også vil kunne glede seg over og dra nytte av eit mangfaldig artsliv i kommunen vår.