07.12.2016

Svar på spørsmål mulig avrenning til Mjåtveitelven

Svar fra Meland kommune ang Elvåsen og forurensning til Mjåtveitelven.

Dette viser hvor viktig att noen følger med og sender tilbakemeldinger til kommunen dersom man oppdager slike hendelser.




Svar på spørsmål om mogleg avrenning til Mjåtveitelva
Viser til dykkar e-post av 07.11.16 der de er bekymret for avrenning til Mjåtveitelva frå grunnarbeid på Elvaåsen.

Meland kommune har vore i kontakt med utbyggjar for å få klarlagt kva tiltak dei skal gjennomføre for å unngå avrenning til Mjåtveitelva. Det vart stilt som vilkår i rammeløyve for opparbeiding av utomhusareal Elvaåsen, at tiltak for å unngå avrenning skal setjast i verk før oppstart av byggetiltak. Kommunen har fått skriftleg tilbakemelding frå utbyggjar og entreprenør på kva tiltak dei skal gjennomføre.

Meland kommune har i møte med utbyggjar, entreprenør og planleggjar gått gjennom utfordringa til vassdraget. Utbyggjar skal leggje ein tett voll langs heile utbyggingsområde for å sikre at det ikkje oppstår avrenning frå anlegget. Dei vil også ta vassprøvar for å sikre at avsiget ikkje inneheld for mykje partiklar. Entreprenøren vil truleg starte bygginga av vollen i januar 2017, dei vil varsla kommunen når arbeidet med vollen er i gang. Entreprenøren har flytta dieseltankar og liknande.

Meland kommunen opplever at utbyggjar, planleggjar og entreprenør tar oppgåva alvorleg og er oppteke av at dei ikkje vil gjere tiltak som kan påverke vassdraget negativt.  Kommunen vil følgje med på  at tiltaka vert gjennomført som skissert.

Dersom de skulle ha spørsmål, kan de kontakta underteikna.


Med helsing


Anny Bastesen  Marius Flemmen Knudsen sektorsjef teknisk skog- og miljøkonsulent