17.12.2019

Status rapport fra rådgivend biolog Steinar Kålås


Status rapport fra rådgivend biolog Steinar Kålås


Denne er sendt til Meland kommune og laila.bjoerge@meland.kommune.no; post@meland.kommune.no


 Her kjem litt nyare informasjon om det som Rådgivende Biologer har gjort med omsyn til elvemusling i Meland kommune i 2019. Slik at den lokale forvaltninga er orientert om dette.

Elvemuslingen er som kjent ein raudlista art som er sjeldan, og i tilbakegang i Hordaland. Det er kjent at elvemuslingen har funnest i Mjåtveitelva og Fosseelva i Meland kommune. Det finst dokumentasjon om elvemuslingen i Mjåtveitelva tilbake til tidleg på 1700-talet.

Det vart sist observert store kjønnsmogne elvemuslingar i Mjåtveitelva og Fosseelva i 2006. Ved ei omfattande leiting etter elvemusling i elva i juni 2012 vart det ikkje påvist elvemusling. Dette tyder på at mesteparten av muslingane i elva døydde ut i perioden frå 2006 og åra etter, truleg grunna skadeleg vasskvalitet i elva for elvemusling. Undersøkingar frå Mjåtveitelva seinare har likevel påvist larver av elvemusling på gjeller til aure dei åra dette er undersøkt (2013, 2014, 2018 og 2019) (Elvemuslingen har eit parasittisk stadium på gjellene til laksefisk i løpet av sitt første leveår). Funne viser at det framleis finst eit fåtal levande kjønnsmogne elvemusling i Mjåtveitelva.

Sommaren 2019 vart det samla inn prøvar for analysar av miljø-DNA i Fosseelva og Mjåtveitelva. Ein siler då eit volum vatn gjennom eit fint filter, og filteret vert så analysert for DNA fragment. Det vart ikkje funne DNA fragment frå elvemusling i tre prøvar tekne ulike stadar i Fosseelva, men elvemusling-DNA vart funne i alle tre prøvane som vart tekne på lakseførande strekning nede i Mjåtveitelva. Dette bekreftar at det finst eit ukjent tal kjønnsmogen elvemusling i Mjåtveitelva. Elvemusling kan grave seg ned i elvebotnen, og er då uråd å sjå frå overflata, men ein andel av større muslingar, rundt ein av tre, pleier vanlegvis vere synlege frå overflata.

Det vart henta eit fåtal elvemuslinglarver frå gjellene til aure fanga i Mjåtveitelva våren 2013. Desse er dyrka fram i eit anlegg i Austevoll, som har spesiell kompetanse til dette arbeidet. Muslingane er no nokre millimeter store, og vart i september 2019 lagd ut i Mjåtveitelva, på det området nede i elva der det tidlegare har levd mykje elvemusling. Desse fem små elvemuslingane er lagt ut i ein liten boks, slik at ein kan følgje med på tilvekst og overleving til desse så lengje ein ønskjer.

Arbeida med elvemusling i Meland i 2019 er gjort med stønad frå Miljødirektoratet, og er del av eit meir omfattande arbeide med elvemusling i Hordaland i år, som enno ikkje er ferdig rapportert.

Kort oppsummert: Ulike undersøkingar tyder på at elvemuslingane, som levde i Fosseelva i Meland, er tapt. I Mjåtveitelva lever det framleis elvemusling, både gamle kjønsmogne individ, og eit fåtal unge individ med opphav frå  Mjåtveitelva, som er dyrka fram i anlegg. Vi har ikkje eit sikkert anslag for kor mange elvemusling som totalt no lever att i Mjåtveitelva, men det er langt færre enn det som har vore vanleg før 2006.       

Eg har lagt ved rapport som oppsummerer status for elvemusling i heile Hordaland ved utgangen av 2018.
mvh Steinar Kålås Rådgivende Biologer AS Edvard Griegs vei 3 5059 Bergen