16.12.2015

Mjåtveitelvens forening jobber videre med planer for området langs Mjåtveit elven.


Videre planer langs Mjåtveit elven




Vedk. ønskje om tiltak i omsynssona langs Mjåtveitelva Viser til samtaler og synfaringar, opplysningar om partsstatus og ønskje om ulike arbeid langs Mjåtveitelva. Når det gjeld partsstatus, er Mjåtveitelvens foreining ein lokal interesseorganisasjon til liks med andre interesseorganisasjonar i Meland. Dette i motsetnad til formelle høyringsinstansar som t.d. Kystverket eller Statens Vegvesen.

Det inneber at når kommunen sender ulike planar ut på høyring i tråd med reglane i plan- og bygningslova, vil lokale organisajonar, som Mjåtveitelvens foreining, stå på høyringslista i dei sakene som då er aktuelle. I andre samanhengar enn plansaker, tek kommunen kontakt med partar som det er ønskjeleg eller nødvendig å samarbeide med, etter konkrete vurderingar i kvar sak. Når det gjeld ønskje om tiltak i omsynssona, må vi få ein søknad som seier noko om kva ein tenkjer på, med teikningar, og det må visast på kart. Kommunen vil ta stilling til om søknaden kan imøtekomast eller ikkje, i høve til kva verdiar omsynssona skal ivareta. Eventuelle kommunale tiltak vil administrasjonen sjølv ta stilling til, ut frå den samla ressurstilgangen og andre prioriteringar.

Vi set pris på alle gode forslag, utan at ein dermed kan garantere gjennomføring. Dersom det er ønskjeleg, kan vi gjerne ta eit møte i starten av januar der de går gjennom søknadene de vil fremme. Ta med teikningar og kart, og skriftleg omtale av korleis arbeidet / arbeida er tenkt gjennomført. Skrivet som er sendt ut til grunneigarane langs elva ligg ved, til orientering.

Med helsing Anny Bastesen Marius Flemmen Knudsen sektorsjef teknisk skog- og miljøkonsulent.
Meland kommune.