23.03.2021

Alle trudde elvemuslingen var utrydda. Så kom fridykkaren

Alle trudde elvemuslingen var utrydda. Så kom fridykkaren


– Eg såg i alle fall 36 muslingar som garantert var levande, seier fridykkar Martin Jacobsen. Han har gjort eit funn som får eldsjelene i Mjåtveitelvens forening til å jubla.







Trudde bestanden var utrydda

Tallause gongar har dei og andre i Mjåtveitelvens forening slått alarm om grumsete vatn og forureining av elva, som ein gong i tida husa ein ganske stor bestand av den utrydningstruga elvemuslingen.

For ein del år sidan vart det plukka opp fleire hundre daude muslingar.

Fram til no er det berre funne nokre få levande muslingelarvar i gjellene på sjøaure, som er dyrka fram i Austevoll, og så er sett ut i elva.

Muslingane filtrerer vatnet og er svært sårbare for støv og forureining.

– Mange har sagt at det er eit håplaust prosjekt. At bestanden vart utrydda for lengst, men det funnet som vart gjort i kveld etterlet ingen tvil. Det er levande musling her, seier Frode Tufte.